Kvalane syng om kor dei har vore 

Knølkvalen lærer nye songar på reisene sine og kvalane syng av full hals til alle dei møter på, skriv Forskning.no.

Ei forskar-gruppe sett saman av kvalforskarar og marinbiologar frå Storbritannia, New Zealand og Australia jobba saman for å lære meir om knølkvalane.

Dei oppdaga at dei kunne lære noko om kor kvalen hadde vore ved å lytte til songen den syng.

I to månedar i 2015 reiste forskarane rundt sør-vest i Stillehavet mellom alle øyene. Dei gjorde opptak av ulike songar og forskarane klarte å skilje i 52 ulike songarar og 3 typar song.