Når kattar treff på kvarandre, er det sjeldan dei nyttar mjauelydar for å snakke saman. Men, om dei møter menneske, gjer dei ofte det. Dei nyttar stemma si til å fortelje oss kva dei vil, skriv Ung.Forskning.no
Kattungen sine lydar
Professor Bjarne O. Braastad ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) er ein av dei med best peiling på kattar i Noreg.
– Kattemor og kattungar mjauar til kvarandre. Når ein kattunge vert selt vil han prøve å bruke dei same lydane for å snakke med menneske, seier Braastad til Ung.Forskning.no.
Viss den merkar at vi snakkar tilbake, held den fram med å mjaue.
– Om vi ignorerer katten si mjauing så vil den etter kvart slutte, fordi den forstår at menneske er dumme dyr som ikkje forstår kva den vil.