Det viser nye undersøkingar som er gjort for å sjekke om mikroplast er farleg for helsa vår.
– Vi er ikkje redde på nokon som helst måte, sa Verdshelseorganisasjonen sin vassekspert Bruce Gordon i forkant av publiseringa av rapporten.
På grunn av dei låge risikoane, seier Verdshelseorganisasjonen at land ikkje bør bekymre seg for mikroplast i drikkevatnet. Dei bør heller gjere meir for å investere i vassystem for å fjerne skadelege mikroorganismar som gjer at 500.000 døyr av diaré kvart år. Rundt 2 milliardar menneske i verda drikk vatn som er forureina av avføring. Dette gjeld ikkje Noreg.
Verdshelseorganisasjonen understrekar at forbrukarar og styresmakter må redusere bruken for å verne miljøet.