Mange planteartar har vorte utrydda

Ei ny studie viser at nesten 600 planteartar har vorte utrydda dei siste 250 åra. I norsk natur har kunstgjødsel og såing av gras gjort det vanskeleg for dei ville blomane.

Studien som er publisert i Nature Ecology & Evolution viser at det er krise for dei tradisjonelle ville blomane våre, skriv Forskning.no.

Forskarar har kome fram til at plantar forsvann 500 gongar fortare dei siste 250 åra, enn det som har vore normalt tap av artar i løpet av jordas historie. Til samanlikning har dobbelt så mange blomeartar forsvunne enn det dyr og fuglar har gjort.

Jordbruk og varmare klima

Mange blomar har forsvunne i den norske naturen fordi det på 1950-talet blei vanleg med kunstgjødsel i tillegg til såing av gras. Dette har mange av dei norske blomane ikkje tålt, fordi mange av villblomane skal ha næringsfattig jord. Eit varmare klima påverkar også dei ville sommarblomane.

Nordmenn må bli flinkare

Den svenske botanikaren Kristina Bjureke seier til Forskning.no at kunnskapen om blomar er større i Sverige og ho oppfordrar norske foreldre og lærarar til å ta eit større ansvar og lære barna namna på dei ville plantane.