Bli med Jesper og Ella i grøftekanten

Jesper (9) og Ella (6) er veldig glade i blomar. Men kjenner dei namna på dei ulike blomane? Vi blei med ned i grøftekanten for å sjekke dei fine villblomane.

Dei fleste blomane klarer dei på med ein gong. Blåklokke, løvetann, smørblom (som også heiter Engsoleie), prestekrage, hundekjeks og raud- og kvit-kløver er veldig lette å kjenne igjen. Men skogstorknebb, som dei har sett før med sine blålilla kronblad, hugsar dei ikkje namnet på.

BLOMEKRANS: Jesper Taxt-Bassant og Ella Taxt-Bassant likar å lage blomekrans. – Men det er trist når blomane døyr. Derfor legg vi heile kransen i vatn. Då blir vi litt våte i håret når vi tek kransen på. Men det gjer ikkje noko. (Foto: Cathrine Taxt-Bassant)

Eg likar best prestekragen, seier Jesper.

Eg likar best Dag-og-natt, seier Ella. 

Dag-og-natt er eit anna namn på stemorsblomen. Grunnen til at mange kallar blomen for dag-og-natt er fordi fargane går frå lyst til mørkt – akkurat slik lyset skiftar i løpet av ein dag.

Kvifor kan de så mange namn på blomane?

Når vi ser blomar spør vi mamma og pappa kva dei heiter. Dei kan nemleg namnet på veldig mange, fortel dei.

I tillegg til at dei synest blomar er fine, er dei også opptatt av dei. For blomane har ein viktig jobb.

Det er veldig viktig for biene at det finst blomar, seier Jesper. Vi har eit insektshotell i hagen, men det bur ikkje så mange insekt der.

BIEHJELP: Ella hjelpte blomane tidlegare i år. (Foto: Cathrine Taxt-Bassant)

Ella leikte bie

Tidlegare i år hjelpte Ella plommetreet i hagen. Då fann ho fram ein pensel og flytta pollenstøv frå den eine blomen til den andre. 

Så i år får vi mange fleire plommer enn i fjor.

Dersom det ikkje hadde vore blomar eller bier, så kunne vi ikkje hatt honning på brødskiva, avsluttar Jesper. 

Villblomar er med andre ord veldig viktige. Så gå ut og leit etter blomar som du kan lære deg namna på. 

 

Prestekrage (Pixabay)

Har du prøvd dette?

Elskar, elskar ikkje…

Prestekragen er den som er gul i midten og som har kvite, smale blad som stikk ut. 

Ein vanleg leik er å ta av eitt og eitt blad og seie «elskar, elskar ikkje» medan ein tenker på ein person. Når du tek av det siste bladet så veit du om du elskar, eller ikkje elskar personen du tenker på.

Smørblome (Pixabay)

Likar du smør?

Det som er gøy med smørblomen er å legge han under haka for å sjekke om ein likar smør, seier Jesper.

Men vi veit jo at vi likar smør, seier Ella med eit smil.

Men det er likevel gøy å sjekke, seier storebror.