Auge-ekspert, Hilde Røgeberg Pedersen, fortel til NRK at særleg barn må passe seg, fordi barneauga slepp inn meir lys gjennom netthinna, enn det vaksne auge gjer.
– Når ein blir solbrent på auga, er det dei ytste cellelaga som blir skadde, og det kan oppstå små sår på hornhinna. Og hornhinna er veldig kjensleg, så det kan føre til ganske store smerter, seier Hilde til NRK.
Resultatet kan bli raude og rennande auge, akkurat som når ein blir snøblind. Og barn er ekstra sårbare.