Tre av fire rovdyr hadde rottegift

Forskarar undersøkte 254 rovdyr frå 1997 til 2017. Tre av fire rovdyr som blei undersøkt hadde rottegift eller musegift i seg.

Forskarane trur gifta spreier seg fordi dyra et kvarandre, skriv NRK.no.

På den måten blir muse- og rottegifta spreidd oppover i næringskjeda, og fører til at rovdyra, dei som et andre dyr, får i seg gifta.

Nivåa forskarane har målt er under helseskadeleg nivå, men at enkelte av raudrevane kan vere i faresonen.

Ordforklaring: Næringskjede – ei rekke av organismar der kvart lett er næring for det neste.

Løvetann: Benjamin D. Esham / Wikipedia /CC BY-SA 3.0 us/Hare og gaupe: Pixabay