Maria Parr
Maria Parr (36) er ein av Noregs mest kjende forfattar innan barnelitteraturverda. Ho har mastergrad i nordisk litteratur og er også utdanna lærar.
Maria har gitt ut tre bøker. Vaffelhjarte (2005), Tonje Glimmerdal (2009) og den siste, Keeperen og Havet (2017).
Vaffelhjarte har blitt TV-serie på NRK Super, og har i likheit med Tonje Glimmerdal, også vorte dramatisert på teaterscenen. No er det også snakk om at Tonje Glimmerdal skal bli filmatisert.
Maria har fått ein rekkje prisar for bøkene sine. Og er no nominert til Brageprisen for hennar siste bok Keeperen og havet.
Maria Parr fekk Brageprisen for Tonje Glimmerdal i 2009, men fortalte før ho fekk prisen for Keeperen og havet, at sjølv om ho har opplevd å bli nominert før, så er det like stort for henne denne gongen.
– Eg er rett og slett stolt og veldig sett ut, sa Maria som ønskte å gratulere til resten av dei nominerte forfattarane.
Populære bok
Keeperen og havet er blant dei bøkene med lengst ventetid på biblioteket, og er også den mest populære nynorske boka på Norli junior, noko som gjer Maria glad.
– Det som betyr mest for meg er å vite at barn les boka som eg har skrive, seier ho.
– Det er det som er kjekt med å skrive barnebøker.
Her er Maria Parr sine fem skrivetips til deg som likar å skrive
1) Les bøker som du synast er bra, og spekuler litt på kva som gjer at dei er så bra. Då lærer du garantert nokre knep.
2) Folk seier mykje rart. Prøv å samle på noko av det, og putt det inn i det du skriv. Ein treng ikkje å finne på alt sjølv.
3) Skriv når du er skikkeleg sint, eller skikkeleg lei deg eller skikkeleg glad – dei orda du finn då, får ofte dei som les til å kjenne det på same måten.
4) Kjenn etter i magen om du verkeleg likar å skrive. Viss ikkje blir det ganske kjedeleg å vere forfattar, for det er mykje skriving, altså.
5) Hugs å leve og bry deg om andre. Det gjeld uansett kva du skal bli, og er det viktigaste av alt uansett.
Dei nominerte barne- og ungdomsbøkene 2017
- Helene Guåker: «Sveiseblink», Gyldendal
- Mari Kanstad Johnsen: «ABC», Gyldendal
- Hilde Matre Larsen og Mari Kanstad Johnsen (ill.): «Gutt og Jente later som», Cappelen Damm
- Maria Parr: «Keeperen og havet», Det Norske Samlaget