Forbudet gjeld alle typar plastposar, både dei som er laga av tjukk plast, og dei som er laga av tynn plast, skriv NRK.
Regjeringa i landet har bestemt at det skal bli eit forbod for å få mindre plastsøppel. I afrikanske land er det nemleg eit svært dårleg system for å handtere plast. Difor vert mykje av plasten brent. Å brenne plast er svært skadeleg for helsa, og mange menneske vert sjuke av dette.
I fleire andre land som tidlegere har laga forbod, har det kun vore snakk om dei tynne plastposane. Ikkje dei av tjukk plast som er vanlege i Noreg.
Ikkje forbod i Noreg
I Noreg innførte handelsnæringa sjølv ei avgift på plastposer i fjor. Ei avgift tyder at vi betaler 50 øre meir pr. plastpose. Desse pengane skal Handelsens Miljøfond nytte til å få ned bruken av plastposar, og til å rydde opp i plastforsøpling.