Dagen er etablert av FN for å sette fokus på at vi må ta vare på bier og andre pollinerande insekt, skriv NPK.
Kvifor er bia og humla viktige?
For at det skal bli danna frø som blir til frukt eller bær, er blomsteren avhengig av at pollen blir flytta frå ein blomster til ein annan. I mange tilfelle må blomsteren ha besøk av eit insekt.
- LES OGSÅ: Vi reddar jorda med biehus
Fare for å døy ut
I Noreg er omtrent ein firedel av pollinerande insekt førte opp på den norske raudlista fordi dei er i fare for å bli utrydda.