– For nokre år sidan budde mamma, pappa og eg eitt år på ei fjellhytte utan innlagt vatn. Det var gøy, seier Nila.
Men kjærleiken for naturen starta endå tidlegare. Nila har alltid vore ute i naturen. Og har alltid vore ekstra glad i dyra.
Såg bilete av vindmøller
– Ein dag mamma viste meg bilete av vindmøller vart eg sint. Dei øydelegger naturen. Både for menneska og dyra.
– Naturen blir øydelagt at vindmøller. Ørnar kan skade vengane sine. Reinsdyra misser beiteområda. Og for menneska blir det vanskeleg å gå tur, og vi kan heller ikkje telte.
- LES OGSÅ: Vindkraftverk kan doblast
Aksjonerar for å motivere andre
No har Nila bestemt seg for å «streike». Ho har fått mora til å skrive om dette på bloggen, Friluftsglede.no, som ho har.
– Eg vil motivere andre til å forstå at vindmøller i norsk natur er øydeleggjande.
Men Nila vil ikkje stoppe der.
– Eg har også tenkt å skrive eit brev til Erna Solberg. Eg hadde satt pris på om ho stoppa det.
I tillegg til vindmøllene er Nila også oppteken av klima.
– Vi må gjere noko slik at jorda ikkje blir varma opp slik at isen smeltar. Vi må også få slutt på nedhogging av skogen.