Vil ikkje ha vindmøller i reinen sine beiteområde

Den siste veka har det vore demonstrasjonar i Oslo. Blant dei som har delteke er artisten Ella Marie Hætta Isaksen og klimaaktivisten Greta Thunberg.

Saman med mange andre ungdommar krev dei at staten fjernar vindmøllene dei sette opp i Fosen i Trøndelag for cirka tre år sidan. Høgsterett har nemleg konkludert med at vindmøllene er eit alvorleg brot på menneskerettane til samane. Samane har reinsdyr som beitar akkurat der vindmøllene står, og forsking har vist at vindmøller skremmer reinsdyra.

Gjekk til rettssak

Samane har kjempa lenge for at det ikkje skulle bli sett opp vindmøller i område der reinsdyra har beitemarkene sine. Men, for litt meir enn tre år sidan sette staten likevel opp vindmøller.

Då gjekk samane til rettssak mot staten og der vann dei i 2021. Retten sa at staten hadde sett opp vindmøllene ulovleg, og at dei øydelegg for samane sin rett til å drive med rein.

No er det over 500 dagar sidan Høgsterett slo fast at vindmøllene bryt med samane sine menneskerettar.

Derfor krev demonstrantane at vindmøllene skal fjernast.

Klimaaktivist Greta Thunberg blir boren av to politifolk, eit politi står på høgre side av skjermen
POLITI: Greta Thunberg og aksjonistane blei bore bort då dei demonstrerte utanføre Klima- og miljødepartementet sin inngang. Foto: Javad Parsa / NTB

Les meir: Fleire gjer som Eli Maret (13) – har samisk på skulen

Les også: Avskoginga har auka med 76 prosent