Målet med arrangementet er å auke interessa for fysisk aktivitet blant barn og unge. Stafetten blir gjennomført på Bislett stadion, og i år deltok heile 6000 barn frå 6. til 9. trinn.
I år var tema for stafetten klima og miljø.
– Det er fantastisk gøy å sjå kor flinke og engasjerte barn og unge er, og kor gøy dei har det når dei spring stafett saman. TINEstafetten handlar om samarbeid, meistring og glede, og kvart år blir vi like imponert over entusiasmen og gleda hos elevane som heiar kvarandre fram eller kryssar målstreken etter å ha gitt alt for sitt lag, seier Linn Baarlid, prosjektleiar for TINEstafetten i ei pressemelding.