Det er nyhendebyrået AFP som har lese rapporten. Den er ikkje publisert endå, så ingen andre veit kva som står der, skriv Forskning.no.
I rapporten står det at jorda står i fare for å miste mellom ein halv og ein million artar. Forskarane veit ikkje sikkert kor mange artar vi har i verda i dag, men dei trur det er litt under ni millionar.
1000 forskarar
Det internasjonale naturpanelet (IPBES) blei oppretta i 2012 for å undersøke tap av artar og andre miljøproblem. Dette kjem i tillegg til arbeidet FN sitt klimapanel gjer.
130 land er medlemmar i IPBES og cirka tusen forskarar frå heile verda deltek i arbeidet med å lage rapporten.
Rapporten blir tilgjengeleg for alle 6. mai.