Rapporten Schools in motion har undersøkt effekten to ekstra timar med fysisk aktivitet i skulen kan ha på elevane si læreevne, helse og læringsmiljø. For nokre av elevane på niande trinn kan to timar ekstra aktivitet vere positivt for både uthald, lesing, rekning, fysisk helse og læremiljø, heiter det i rapporten.
– Effekten gir størst utslag når aktiviteten er lærestyrt. Derfor skal vi no utvikle godt materiell for støtte og rettleiing som læraren kan bruke for å leggje til rette for fysisk aktivitet i timane, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Skal bremse negativ utvikling
– Denne rapporten er først og fremst eit innspel til korleis skulane kan bidra til å bremse den negative utviklinga i den fysiske aktiviteten blant ungdommen. Vi vil derfor samle inn og spreie dei gode lokale eksempla på tiltak. Ein må fremje auke i fysisk aktivitet, vise korleis ein legg til rette på dei ulike skulane og ta omsyn til lokale forhold, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.
Sjå også videoen frå prosjektet ved Bakkaløkka skole på Nesodden: