«Nei, nei, gutt! Dette må bli slutt»

I dei fleste klasserom i Noreg dukkar spørsmålet om luebruken opp. Det gjer det dagleg på Bogstad skole, fortel Eirin.

– På skulen vår er det nulltoleranse til hovudplagg. Det gjeld caps, buff, lue og panneband, fortel Eirin.

Eirin er kontaktlærar for 7. trinn og har daglege samtalar med elevane om dette.

– Ja, det skjer kvar time, kvar dag. Iallfall no når det er kaldt ute, seier ho.

(Saka held fram etter avstemminga)

Får du bruke lue i klasserommet?

Får du bruke lue i klasserommet?

Ja...42
Nei!331
Kjem an på...18
Veit ikkje8
Svar totalt: 399

Kvifor er det ikkje lov?

– Eg synest at det burde vere lov, seier Vetle.

– Det er praktisk for då veit ein kvar lua er, og ein misser den ikkje. Og om ein er misfornøgd med hårsveisen kan ein skjule den, fortel han.

– Det er eit skilje mellom inne og ute, meiner Eirin.

– Det handlar litt om respekt, og det å ikkje gøyme seg under ei hette eller lue. Ein skal ikkje ha yttertøy inne, for då kan ein bli kald når ein skal ut i friminuttet.

– I kyrkja og andre religiøse bygg forstår eg at ein må ta av lua for å vise respekt. Men skulen er ikkje eit religiøst bygg, seier Vetle.

– Når ein er så gamal som eg er, så veit eg at eg ikkje skal verken gøyme meg bak ei lue eller fikle med den. Ein er stor nok til å følgje med, seier han.

Einige blir dei nok ikkje, men elevane gjer som Eirin seier. Og dei som ikkje gjer det, dei nappar ho lua av.

Nei, nei, gutt

Av: Margrethe Munthe

Nei, nei, gutt,

dette må bli slutt!

Ikke storme inn i stua

før du har tatt av deg lua!

Glemte du det rent?

Det var ikke pent.