Debutantprisen
Den beste debutanten i fjor heiter Mathias Nyhagen Asplun. Han fekk prisen for Der ingen finn oss. Boka fekk terningkast 6 av ein Framtida junior lesar. Saka kan du finne her.
Vi har også skrive om boka. Det kan du lese her.
Boka blei gitt på på Cappelen Damm.
Litteraturprisen
Litteraturprisen gjekk til Apollo skriven av Bjørn Ingvaldsen (Gyldendal)
Bestefar Georg fortel ein fantastisk og utruleg historie til barnebarnet Georg. Forteljinga er frå barndommen til bestefaren på 60-talet, og handlar om to døve onklar som produserer dei beste modelljernbanene i verda. Med Georg som døvetolk og hjelpar stel dei hemmelege planar frå Forsvaret, blir innblanda i spionasje med sovjetrussarar, helsar på statsministrar, kongar og presidentar, og har til og med ein finger med i spelet når månelandinga går av stabelen. Alt er sjølvsagt topp hemmeleg og kan aldri avslørast.
Fagbokprisen
Fagbokprisen gjekk til Marta Breen og Jenny Nordahl for Kvinner i kamp. 150 års kamp for frihet, likhet, søsterskap! (Cappelen Damm)
Breen og Jordahl gir oss ei indinnføring i historia om internasjonal kvinnekamp. Og kvifor treng vi denne boka? Fordi vi faktisk ikkje kan mykje om desse foregangskvinnene. Boka dekker ulike sider ved kampen for rettane til kvinner: for retten til utdanning, for røysterett og retten til å avgjera over eigen kropp. Boka utnyttar verkemidla til teikneserien med ruter og tekstbobler.