Vi blir stadig fleire personar i Noreg, men det går ikkje så fort, skriv Klar Tale. Det er faktisk den lågaste veksten sidan 2004, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
I fjor var vi 5.328.000 millionar personar i landet.
Fleire folk på Austlandet
Akershus og Oslo hadde størst vekst. Fylka Sogn og Fjordane, Oppland, Finnmark og Telemark har færre personar enn før.
Då år 2018 starta var gjennomsnittsnordmannen 40,28 år gamal. Folk er blitt litt eldre i snitt enn for eitt år sidan. Forskarane har lagt saman alderen på alle som bur i Noreg, og så delt på kor mange vi er for å finne gjennomsnittet.