Ny forfattarspalte: Hels på Trude Tjensvold

Trude Tjensvold er forfattar og illustratør. Ho elskar å bade og anar ikkje kva Fortnite er. Ho likar litt skumle bøker, og no er ho aktuell med ei ny bok.

  • Namn: Trude Tjensvold
  • Alder: 54 år
  • Mental alder: 12 år
  • Aktuell med boka Vil du ha katt på Samlaget. (Meir om boka lengre nede.)
  • Kven var den siste du sendte sms til: Linn, ei venninne.
  • Kva stod der: Det er bra landing 😀 (Handla om ein TV-serie på Netflix)

  • Kvar er du akkurat no? På jobben. Eit kontor der mange illustratørar sit og jobbar.

  • Kva synest du om Fortnite? HÆ?
  • Kva for ein fisk er søtast? Den som bur djupt nede, og har ei lita lykt på ei stang foran fjeset.

Kjendismøte

Kva for ein historisk person ville du vore ein heil dag?

Frida Kahlo. Ho var ein meksikansk kunstnar. Eg skulle brukt dagen til å måle veldig mange fine bilete.

Frida Kahlo av by Guillermo Kahlo/ Wikipedia.

Kva for ein kjendis vil du invitere på eitt glas brus?

 Leo Ajkic. Det blir gøy!

Lea Ajkic (Jarle H. Moe / Nordiske mediedager/ Wikipedia).

Dilemma

Bade utandørs kvar einaste morgon – heile året, eller smøre inn håret med ketsjup kvar morgon som du må gå med heile dagen.

SVAR: Bade! Elskar å bade!

Så over til det viktigaste: BØKER

Tre barnebøker du vil anbefale

  1. Hobbitten (boka er betre enn filmane!) av J R Tolkien.
  2. Alt av Astrid Lindgren.
  3. Den mørke materien (trilogi) av Phillip Pullmann.

Kva for ei bok gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

Frendelaus av Hector Malot. Den var veldig trist og veldig spennande.

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

Noko litt farleg.

Pixabay

Fullfør setninga:

Det beste med å lese ei bok er… å forsvinne inn i ei verd som berre er mi.

Ny bok

Vil du ha katt er ei lesetreningsbok i Leselandserien for barn frå 6 år og oppover, som les sjølv. Boka handlar om søskena Gro og Gunnar som finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ein ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu i lag?

Trude har også gitt ut boka Bo flyttar ut, som har vorte nominert til ein rekke prisar.

Ny Leseland-bok frå Trude Tjensvold.