Mjaaaau! Denne katten er verkeleg søt. Runde trekk, sjølv om øyrene er ganske så spisse. Foto: Tambako The Jaguar/Flickr
Sjå så søt! Denne kvalpen har alle dei søte trekka. Til og med når han spring vil ein sjå dei klønete rørslene. Noko som gjer han enda meir søtare. Foto: Jonathan Kriz/Flickr
Kanina er søt med sine store runde auge, og sin mjuke runde kropp. Til og med snuten er rund. Foto: Nikki Gibson/Flickr
Løveungen er rund i foma. Har store runde øyrer. Den er rett og slett kjempesøt. Mammaløva er meir kantente, og spissare. Foto: Tambako The Jaguar/Flicr
Ser du at Ole, Dole og Doffen har runde trekk? Både auga, hovudet og kroppen er rund. Donald Duck har meir kantete trekk. Det er lett å sjå kven som er søtast.Foto: Loren Javier/Flicr
Det vi ofte synest er søtt er:
Rundt andlet
Stort hovud
Store auge
Store, runde ører
Liten knappenase
Rund, pløsete kropp
Treige, klønete rørsler
Ein biolog, Konrad Lorenz, forska på dette, og fann ut at trekka som er oppramsa viser hjelpelausheit. Det gjer at vi menneskje får lyst til å vise omsorg. Vi tenkjer automatisk på at dei er søte.
Når vi ser ein liten hundekvalp får vi eit behov til å løfte hunden opp i armane våre, og kose med han. Og når ein hundekvalp spring rundt på golvet og snublar i sine eigne bein, ler vi saman med hunden, og synest han er verdas søtaste. Slik er det med ein liten menneskebaby også. Vi synest ofte dei er søte, og dei sjarmerar oss i senk.
Her ser ein forskjellen. Når ein er liten har ein mange av trekka som gjer ein søtare. Illustrasjon: Ephert, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Tips
Neste gong du skal teikne i kunst og handverktimen, kan du prøve å teikne dyr slik dei er skildra på illustrasjonen. Kanskje du ser at dei blir søtare dess meir runde trekk dei får?
Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.