I programmet vil ho ta opp tema som sex, kropp, nakenbilete, sjølvmord og kjærleikssorg.
Helsesista jobba tidlegare som helsesøster i Oslo kommune. Der brukte ho Snap til å kommunisere i jobben sin. Men så byrja ungdomar frå heile landet å følgje Snapchat-kontoen hennar. Kontoen vaks, og ho forstod at ho kunne nå ut til fleire ved å fokusere på Snapchat-kontoen. Derfor sa ho opp stillinga si som helsesøster.
– Det viktigaste for meg er å halda fram den frivillige jobben min som helsesyster på Snapchat, men eg er utruleg takknemleg og glad for å få høvet til å spreia dei viktige bodskapet mitt, visa korleis eg møter ungdom på ein ny måte og nå ut til eit endå større publikum gjennom tv-serien, seier Krohn Engvik, til TV2 i ei pressemelding.
- LES OGSÅ: Helsesista fekk to millionar