Helsesista gjev ut bok: – Eg er spent

I midten av oktober kjem boka til Helsesista i bokhandelen.

Helsesista heiter eigentleg Tale Maria Krohn Engvik, og jobba før som helsesøster i
Oslo kommune. Den jobben slutta ho i, fordi ho heller ville bruke tida si til å gje ungdom råd på Snapchat.
No har Helsesista svara på spørsmål ho ofte får i ei bok. Den heiter Helsesista #vågåvære, og kjem i bokhandelen i oktober.

Vanskelege tema

– Eg er like spent som eg håpar dei som følgjer meg og heiar på arbeidet mitt er på
denne boka, sa Krohn Engvik då bokplanen vart annonsert.
Helsesista har skrive om tema som mange barn og unge lurer på, men som kan vere
vanskelege å snakke om. Den handlar om tema som kropp, kjærleik og kaostankar –
når du har så mange tankar i hovudet på ein gang at det går litt i surr.