Framtidajunior.no og Foreningen !les inviterer barn over heile Noreg til å vera med på ein skrivekonkurranse i samband med Tid for ti-aksjonen.
Tid for ti er ein aksjon i regi av Foreningen !les og presenterer utdrag frå ti nyare, nynorske bøker. I bøkene møter vi nokre personar som er snille, og andre som ikkje oppfører seg så bra.
Vel éi av desse oppgåvene:
- Er ein anten snill eller slem? Skriv eit lesarbrev der du diskuterer om det går an å vera begge delar, og kom gjerne med eksempel frå bøkene eller livet elles der du viser korleis ein kan vere det.
- Skriv ein tekst der du prøver å forklara kvifor du trur menneske ikkje alltid oppfører seg så bra. Kvar kjem det vonde frå? Kom gjerne med eksempel frå bøker eller nyhende du har lese!
- Skriv om ein person du synest er snill. Kva er det som gjer denne personen så snill? Og kva kan andre læra av denne personen sin måte å oppføra seg på?
Innleveringsfrist: 14. mars
Maks lengde: 400 ord
Lurt å tenkja på:
– tenk at det du skriv skal kunne koma på trykk i Framtidajunior.no slik at mange andre kan få lesa det du skriv
– det er lov å vera både morosam og alvorleg
Send til junior@framtida.no merk i emnefeltet med “Skrivekonkurranse”