Fabrikkane produserer klede for kjente merker, mellom anna Bestseller som produserer Vera Moda og Jack&Jones, skriv Fremtiden i våre hender.
Sulten på jobb
– Eg er sulten størsteparten av dagen. Av og til gøymer eg noko snacks i tøyet, men om eg vert oppdaga, kan eg miste jobben, fortel ei kvinne som er tekstilarbeidar.
Danwatch og The Guardian har vore i Kambodsja for å sjå på korleis det går på fabrikkane som lagar kleda me kjøper. Dei har funne at meir enn 500 menneske besvimte frå januar til juni i år, og at fleire vart innlagt på sjukehus. Desse arbeiderane syr og lagar klede for kjente merker som Puma, Asics, Vans, North Face og Nike.