Korleis påverkar kleda våre naturen?

Klesindustrien er ansvarleg for 10 prosent av verdas utslepp av klimagassar.

Visste du?

For å lage ei t-skjorte trengst det 1400 liter vatn. Det er meir enn 10 fylte badekar.

Det å lage tekstil som kan bli til kleda vi har på oss, krev mykje ressursar og påverkar naturen. Det mest miljøvennlege er å ta vare på kleda vi allereie har. Viss vi skal kjøpe nytt, er det lurt å kjøpe brukte klede, eller velje klede laga av tekstil som held lenge.

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei forskjellige tekstila som finst, påverkar naturen på ulike måtar. Her er ei oversikt over vanlege tekstil som blir brukte til å lage klede.

Bomull

Bomullsklede blir laga av frøa til bomullsplanten. Frøa blir hausta for hand eller med maskin, deretter blir bomullen tørka. Det trengst store landområde, mykje vatn og mykje sprøytemiddel for å dyrke bomull. Bomullen blir bleikt eller farga ved hjelp av kjemikaliar.

BOMULL: Meir miljøvennleg bomullsproduksjon bruker mindre kjemikaliar og sprøytemiddel, og meir regnvatn for å vatne bomullsåkrane. Foto: bobbycrim/Pixabay

Ull

Ullklede kjem vanlegvis frå sau. Etter at ulla er klipt av, må ho vaskast for å få vekk skitt og feitt. Då blir det brukt mykje vatn og vaskemiddel som kan hamne i naturen. Etter at ulla er vaska, blir ho karda. Det vil seie at ulla blir greidd med to store børstar slik at ho blir luftigare. Etter karding blir ulla spinna til garn.

ULL: Klede av ull kan ofte luftast i staden for å vaskast, noko som er bra for miljøet. Foto: Sam Carter/Unsplash

Silke

SILKE: Kokongen til silkeormen er laga av silketrådar. Silke er eit sterkt materiale, så silkeklede held lenge. Foto: GILBERTO MELLO/Pixabay

Silke blir laga av silkeormen, før han blir ein sommarfugl. Silkeormen et berre ein ting: blad frå morbærtre. Etter at silkeormen har ete morbærblad i ein månad, begynner han å spinne ein silketråd. Silketråden blir til slutt ein kokong, eit hylster, rundt insektet. Etter at silkeormen har laga ferdig kokongen, blir han drepen. Silketrådane blir vikla opp og brukte til å lage klede.

Lin

Lin kjem frå stengelen til linplanten. Stengelen må ligge i vatn i nokre veker for å få ut linfiber som kan brukast til å lage klede. Viss vatnet stenglane ligg i ikkje blir reinsa før det blir sloppe ut i naturen, kan det føre til at vassdrag blir overgjødsla og gror att.

LINBLOM: Sidan linklede blir laga av ein plante, er lin ein fornybar ressurs. Foto: Susann Mielke/Pixabay

Polyester

Dei fleste tekstil i verda er laga av polyester. Å lage klede av polyester er billigare enn å lage klede av naturlege materiale. Polyester er laga av plast, og er ikkje nedbrytbart eller fornybart. Det forsvinn aldri heilt frå naturen, men blir brote ned i mindre delar som mikroplast, for eksempel når vi vaskar kleda. Det blir brukt mange kjemikaliar når polyester blir produsert.

POLYESTER: Treningstøy er ofte laga av polyester fordi plagga er sllitesterke, har stretch og er vind- og vasstette. Foto: PIRO/Pixabay

Kjelde: Svanemerket.no, snl.no, Nordisk Ministerråd, Verdsbanken