Før kunne ein sjå skuleplassen vere fylt opp av sparkar om vinteren. Dei stod parkert der syklane står elles i året. Men slik er det ikkje lenger. Iallfall ikkje på same måte.
Kvifor er sparken “vekke”?
Mykje har nok med klima å gjere. Milde vintrar har ført til at det ikkje har kome nok snø og is som har vorte liggande lenge nok på vegane. Dette trengs fordi sparken har meiar av stål.
Ein annan ting er at det blir strøyd grus på vegane for å hindre at vi ramlar og slår oss. Nokon plassar blir det nytta salt også for å få snø og is til å smelte.
Unngå friksjon
For at sparken skal kunne ha godt driv må ein unngå friksjon. Det vil seie at meiane glir lett på snøen eller isen. Utan at spor av grus eller asfalt stoppar opp.