Korona-tiltak i skitrekka: – Hald avstand!

Vinteren er her, og endeleg er det mogleg å stå på ski. Men i år blir det litt fleire hensyn å ta enn normalt.

Koronaen påverkar alt me driv med, og no kjem den også til å påverka kva hensyn me må ta når me er på ski. Lurer du også på kva som gjeld av reglar og anbefalingar når du kosar deg i bakken?

Me har tatt ein prat med nokre skianlegg for å høyra korleis det står til hjå dei.

Sogn skisenter i Luster

Sogn skisenter ligg i Luster kommune. No håpar dei på natursnø. Foto: Runar Tørvi

– Me rettar oss etter dei grunnleggjande reglane, men spesielt er det å halda avstand veldig viktig no. Men me har god plass, og det er vanlegvis ikkje noko problem å halda anbefalt avstand i anlegget vårt, seier Runar Tørvi som er dagleg leiar i Sogn skisenter.

Han fortel at dei har sett opp skilt, har vakter og begrensa kapasitet i kafeen. Alle gjester som nyttar kafeen er også nøydde til å registrera seg. Då veit dei veit kven som har vore på besøk, dersom det skulle dukka opp ein gjest som er smitta med korona.

– Me er avhengig av at folk tek ansvar, og håpar sjølvsagt at alt går bra.

Angåande føret i anlegget, har Tørvi dårlege nyhende. 

– Føret er dessverre veldig dårleg. Eg kan ikkje hugsa ein vinter der det har vore dårlegare tilhøve enn no. Men me har kunstsnø, og så blir det alltid vinter, seier han med eit stort smil i stemma.

Voss Resort i Voss

– Me har redusert kapasitet, og følgjer dei nasjonale føringane. Det er viktig å vaska hender og halda avstand også hjå oss, og me har vakter som dirigerer køar, seier Synva Vinje som er marknadssjef i Voss Resort.

Ho fortel at dei i Voss har god plass i anlegget i midtvekene, men at det er litt meir plassproblemar i helgane. Men det får dei gjort noko med no.

– Me får opna fleire heisar og produserer meir snø. Det gjer at me kan utvida frå at berre dei med årskort kan koma, til at det også er plass til andre. Uansett kan dei som vil besøka oss følgja med på kapasiteten på nettsidene våre.

Vinje fortel at vinteren i år kjem til å bli anleis enn normalt.

– Uansett korleis me vrir og vender på det, blir det avgrensar i år. Men me har eit stort anlegg, og sjølv om natursnøen ser ut til å vente på seg, kjem det til å gå seg til.

I Voss opnar dei nye bakkar no, slik at det er plass til fleire besøkjande. Foto: Sven Ove Bøe

SkiStar Hemsedal i Hemsedal

– Me tilpassar kapasiteten vår etter påbod og reglar. Mellom anna må det vera eit ledig sete mellom folk som ikkje kjenner kvarandre i stolheisane. Dei som reiser saman eller er i same familie kan sitje ved sidan av kvarandre. I T-krokar skal ein ikkje køyre saman med folk ein ikkje kjenner.

Det seier Anne-Lise Holde Dokken, som er marknadsansvarleg i SkiStar Hemsedal. Ho fortel at gjestene må halda ein meters avstand. Der det ikkje er mogleg, må dei bruka munnbind.

I Hemsedal er målet som alltid å tilby bra skikøyring og eit fint opphald, sjølv om det kan bli anleis i år.

– Det er viktig å seia at skikøyring er ein aktivitet som er trygg i forhald til smitte, då ein er ute i frisk luft.

I Hemsedal er det mykje plass, men likevel er det viktig å halde ein meters avstand til andre. Foto: Ola Matsson / SkiStar

Sogndal skisenter Hodlekve i Sogndal

– Me har ei rekkje tiltak i skisenteret i Sogndal, og følgjer dei nasjonale tiltaka for alpintbransjen, seier dagleg leiar i Sogndal skisenter Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Mellom anna har dei skilting i anlegget, dei har fjerna variable kort utanom sesongkort, dei fleire stasjonar med antibac og kapasiteten i kafeen er redusert. Leikerommet er stengt av, for å unngå smitte. Han fortel at han tykkjer det er vanskeleg å svara på korleis det blir utover vinteren.

– Me har regelmessig kontakt med smittevernlege, og er budde på at om det vert snakk om innstrammingar i vår region, vil kafeen vår stå høgt på lista.

– Korleis er føret i bakkane, då? 

– Me har verdas beste snø, seier Grevsnes.

Sogndal skisenter Hodlekve ligg i Sogndal kommune. Dagleg leiar meiner dei har den beste snøen i verda. Foto: Sogn skisenter Hodlekve