Verst er det i Øygarden, Sund og Fjell. I ein ny rapport frå forskingsinstituttet Norce kjem det fram at det hopar seg opp plastavfall i 800 viker og strender. Plasten driv inn frå sjøen.
70 fotballbanar
Område som er forureina er like stort som over 70 fotballbanar. Avfallet veg mellom 500 og 1.000 tonn.
– Norskekysten blir eit fangstnett for avfall. Ein del driv forbi, men veldig mykje blir liggjande att, seier Eivind Bastesen ved forskningsinstituttet Norce.
Det var Bergens Tidende som fyrst omtala saka.