Kakerlakken kan skvise seg inn i dei smalaste sprekkene. Dei toler utruleg mykje, skriv Ung.Forskning.no.
Sterk liten kar
I videoen som forskarar ved UC Berkeley har laga, ser vi korleis kakerlakkar beveger seg. Vi ser til dømes at dei har eit skal som ser hardt ut, men som kan trykkast saman. Vi ser også at kakerlakken toler stort press utan å bli skada.
Forskarane fann faktisk ut at dei toler å bli klemt under noko som var nær 900 gongar tyngre enn dei sjølve.
Dei har bygd ein kakerlakk-robot som skal etterlikne talenta til kakerlakken. Dei har tankar om at ein kanskje kan bruke slike robotar i redningsarbeid i framtida.