Det var NRK som først omtalte saka.
Saman med Nortura og Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU) er Tine i gong med eit prosjekt der dei skal teste ut ein enzym-hemmar som kan gjere kua til ein mindre klimasyndar.
Meir klimavenleg ku
Ved å tilsette eit stoff i kraftfôret til kyrne, vil dei hemme enzymet som lagar metan i vomma på kua. Slik håpar dei å minske den negative klimapåverknaden ku-rap har.
Kua har fire magar
Kua har fire magar. Det er i den første og største av dei, i vomma, at metangassen vert laga. Bakteriar bryt ned graset kua har ete, og dannar metangass. Meir enn 90% av metangassen kjem ut som rap, resten som promp.