– Eg har alltid lurt på om det er mogleg å reise i tid

UNG.forskning.no har snakka med Hadia Tajik om kva forsking som er viktigast.

Hadia er politikar på Stortinget og nestleiar i Arbeiderpartiet.

– Den viktigaste forskinga no, vil eg seie at handlar om korleis vi kan forureine mindre, seier ho til UNG.forskning.no.

– Vi forureinar ganske mykje, og då øydelegg vi jorda vår. Det er viktig at vi klarer å ta vare på den til neste generasjon, seier Hadia.

Fakta er viktig

Kvifor meiner Hadia at barn og unge bør lese og høyre om forsking?

– Det er viktig at vi veit kva som er sant og hva som ikkje er sant. Forskinga viser jo nettopp det: Ting som vi kan stole på, som er fakta.

– Det er framleis ganske mykje vi treng å vite om verda, og forskinga hjelper oss med det

Sjølv om forskarar prøver å finne så gode svar som mogleg, er det ikkje alltid dei finn sanninga.

Har Hadia eit spørsmål ho har lurt på lenge, men ikkje fått svar på?

– Eg har lurt på om det er mogleg å gjere ei tidsreise. Eg har alltid ønska meg at vi kunne flytte oss frå ein stad til ein annan ved teleportering. Det er slik at du går gjennom ei slags dør, og så plutseleg er du ein annan stad i landet eller ein annan stad i verda, fortel ho.