Under den amerikanske borgarkrigen (1861-1865) blei han teikna i bladet Harper’s Weekly som ein liten alveliknande skikkelse, skriv Historienet.no. I oldtida hadde julenissen ofte mørkeblå klede, fordi fargen symboliserer håp. Den raude drakta kom fyrst i byrjinga av det 20. århundre i USA. Santa Claus vart teikna med raud drakt med kvite pelskantar av Haddon Sundblom.
Haddon skulle teikne julenissen for Coca Cola på 1930-talet, og den jobben gjorde han så bra at han vart med på å bestemme ein gong for alle korleis ein moderne julenisse ser ut.