Kven er julenissen?

Kva er forskjellen på ein fjøsnisse, og den raudkledde julenissen med pelskrage? Er dei same person? Her kan du lese litt om nissen.

Kven er julenissen?

Frå gamalt av var nissen i norsk folketru ein overnaturleg liten gråkledd mann, med raud nissehue og langt skjegg.

Nissen var veldig sterk og hjalp til på garden.

Han forventa å få god mat og drikke på julekvelden, om ikkje kunne han bli sint og skade menneska og dyra på garden.

Fjøsnissen blei knytta til jula, og det var han som gav barna gåver i julestrømpene på julaftan.

Fjøsnissen – Sankt Nikolaus – Santa Claus = Julenissen

Nikolaus den heilage var ein biskop som levde på 300-talet. Han blei ein av dei mest populære helgenane.

Legenda om Nikolaus fortel at han var svært gavmild og gav alt han hadde av pengar til dei fattige.

Etter sin død blei han helgen. Katolikkar heidrar avdøde menneske som har hatt betydning for den kristne bodskapen, og difor blei Nikolaus ein helgen og fekk tilnamnet Sankt Nikolaus.

På 1400-talet dukka Nikolaus opp i private heimar der han gav gåver til barna. Han utvikla seg og fekk etter kvart ulike namn, som Sinter Clas eller Santa Claus. Den typisk amerikanske julenissen du har sett i filmar er Santa Claus med raud frakk og kvit pelskrage.

I Norden, og Noreg, har han vorte smelta saman med nissefiguren frå folketrua, og har blitt sjølvaste julenissen.

Så eigentleg er julenissen ei blanding av ein gamal fjøsnisse og ein helgen som blei til julenissen i sin raude frakk og kvite pelskrage.

Kven veit kven du får på besøk? Det kan vere ein Fjøsnisse eller Santa Claus, eller Julenissen som vi kallar han.