Skular over heile landet samla inn over 8 millionar kroner. TV-aksjonsleiar Vibecke Østby fortel til NRK at ho blei utruleg glad for innsatsen folk rundt om i heile Noreg har hatt.
Noreg klarte ikkje å samle inn meir enn rekordåret i 2014, då det blei samla inn over 250 millionar, men NRK fortel at UNICEF er strålande nøgd med resultatet.
Svalbard kommune har gitt mest pengar per innbyggar. Dei gav i snitt 503,31 kroner.
Møre og Romsdal var det fylket som gav mest per innbyggar med 50,99 kroner.
Statsmninster Erna Solberg kunne fortelje NRK i går at ho og regjeringa gav 40 millionar kroner på vegne av heile landet. Solberg hadde også fått den yngste fredsprisvinnaren nokon gong, Malala Yousafzai, til å signere ein fotball. Denne fotballen donerte Solberg til auksjonen der folk kunne by pengar på han. Fotballen blei seld for 28101 kroner.
I auksjonen for TV-aksjonen var det mellom anna mogeleg å kjøpe ei signert Marcus og Martinus T-skjorte og genser. Den blei kjøpt for 1901 kroner. Ei signert landslagsdrakt og fotballsko frå Martin Ødegaard gjekk for 12901 kroner.