TV-aksjonen 2023 samla inn 311 millionar kroner

Alle pengane som har kome inn i samband med TV-aksjonen 2023 er talt opp.

Det endelege talet vart over 311 millionar kroner, skriv Redd Barna i ei pressemelding. I 2022 vart det samla inn totalt 291 millionar kroner.

– Den store summen til arbeidet vårt er eit resultat av ein utruleg innsats av bøsseberarar, frivillige og gjevarar i heile landet. Eg er så takksam for og rørt over engasjementet for TV-aksjonen i år og Redd Barna, seier Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna i pressemeldinga.

Pengane går til Redd Barna og arbeidet deira for barn ramma av krig og konflikt i Gaza, Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.