Juletre med lys:
Har du mange bøker, kan du lage eit lite juletre av bøker: stable bøker, mange nedst, så færre og færre oppover. Til slutt kan du pynte med juletrelys.
-
Bokjuletre:
- Har du ei gamal bok – kan du brette deg eit juletre. Du treng ikkje lime. Når du brettar sidene slik som vist på biletet, formar treet seg.
- Start med å ta vekk den harde fronten på boka.
- Så brettar du slik:
- Papirjuletre:
- Klipp ut eit juletre i papir, og så brukar du det som mal. Bruk ein gråblyant til å teikne rundt treet, og klipp ut fleire tre. Gjerne 10-12 tre.
- Legg alle trea i ein haug, og be ein vaksen om hjelp til å sy ein rett saum frå stamma og opp til tretoppen.
- Brett bitane litt frå kvarandre, slik at treet blir fyldig og fint.
- La sytråden bli litt lang, slik at du kan henge treet opp i vindauga eller på det store juletreet.
- NB: Du kan sjølvsagt bruke same framgangsmåte, og klippe rundingar for å lage julekuler, hjarter eller ei anna form du likar.