Det var i Luleå i Nord-Sverige at nokre vaksne blei for ivrige med å forsyne seg av godteriet i butikken at dei plukka smågodtet med berre hendene sine.
Ifølgje SVT trudde dei tilsette i butikken først at dei to kundane prøvde å stele og det var difor dei kontakta politiet. Då politiet kom fram viste det seg at dei ikkje hadde tenkt å stele, men at dei var litt for dårlege til å tenkje på hygiena på handleturen sin.
Politiet stoppa dei likevel og meinte at det var feil å bruke hendene for å fylle opp godteriposane sine. Då blir det nemleg mange bakteriar på godteriet.
Butikken endte opp med å måtte kaste fleire boksar med godteri etter hendinga.