Kina lovar fleire og betre offentlege toalett

Kinas president, Xi Jinping, ønskjer å byggja betre offentlege toalett for å gjere landet til eit meir populært reisemål for turistar.

Kina har lenge vore berykta for illeluktande og uhygieniske toalett, skriv den amerikanske nyhendekanalen CNN på sine nettsider. Dette vil presidenten no gjera noko med.

«Herr toalett»

CNN har vore i kontakt med grunnleggaren av Verdas toalettorganisasjon (WTO), Jack Sim, som seier at toalettsituasjonen i Kina kan øydelegge for turismen i landet.

– Kina er eit vakkert land med nydelege naturlandskap, kultur og ein lang historie, men dei forferdelege toaletta skremmer utenlandske gjester, seier Sim, som også mange kjenner som «Herr toalett».