Korleis fangar kameraet eit augeblikk?

Eit bilete kan visa eit stort smil, eit lyn som slår ned eller ein bestefar som var barn for lenge sidan. Men korleis kan eit kamera fanga eit augeblikk som aldri kjem tilbake?

Den 19. august er Verdas fotodag. Dagen markerer kor viktig fotografiet har vore for å ta vare på minne, fortelja historier og visa verda slik ho ser ut.

Men kva skjer eigentleg når du tek eit bilete med eit digitalt kamera eller eit mobilkamera?

Eit kamera er eigentleg som eit lite, mørkt rom. Ordet «kamera» kjem frå latin og tyder nettopp «lite rom».

Dersom lys slepp inn gjennom eit lite hol i eit mørkt rom, blir det danna eit bilete av verda utanfor på veggen på motsett side. Biletet kjem opp ned. Dette skjer fordi lysstrålane går i rette linjer og kryssar kvarandre på veg inn gjennom holet.

Dette blir kalla camera obscura, som tyder «mørkt rom». Menneske har visst om dette i meir enn 2000 år. Seinare blei det vesle holet erstatta med linser som samla meir lys og gjorde biletet skarpare. Slik blei dei første stega mot kameraet me kjenner i dag, tekne.

Illustrasjon: en:User:DrBob (original); en:User:Pbroks13 (redraw), Public domain, via Wikimedia Commons

Framme på kameraet sit eit objektiv med fleire linser. Linsene samlar lyset frå det du tek bilete av, og leier det inn i kameraet. Dei sørgjer òg for at biletet blir skarpt.

Inne i objektivet er det ei opning som heiter blendaren. Ho kan bli større eller mindre og bestemmer kor mykje lys som slepp inn. Blendaren kan samanliknast med pupillen i auget ditt: Når det er mørkt, blir pupillen større for å sleppa inn meir lys. Når det er lyst, blir han mindre.

Kameraet har òg ein lukkar. Han fungerer nesten som ei dør som opnar og lukkar seg svært raskt. Når du trykkjer på utløysaren, opnar lukkaren seg slik at lyset slepp inn. Kor lenge han held seg open, blir kalla lukkartid.

Dersom lukkaren er open lenge, slepp kameraet inn mykje lys. Men då kan biletet bli uklart dersom kameraet eller motivet rører på seg. Ei kort lukkartid kan «frysa» raske rørsler, som ein fotball i lufta eller ein hund som spring.

Foto: Alfred; Eugene Ilchenko; Alfred from Germany; John Nuttall from Hampshire, United Kingdom; Gnsin; Eugene Ilchenko; Bilby; LeRauxe, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Millionar av små biletdelar

I eit digitalt kamera treff lyset ein elektronisk sensor. Sensoren er delt inn i millionar av bitte små delar. Desse blir kalla pikslar.

Kvar piksel registrerer kor mykje lys som treff han. Små fargefilter hjelper kameraet med å registrera raudt, grønt og blått lys. Kameraet bruker informasjonen om desse tre fargane til å laga alle fargane i biletet.

Ein liten datamaskin inne i kameraet set saman informasjonen frå alle pikslane. Han justerer mellom anna lys og fargar og lagar ei biletefil. Biletet kan deretter lagrast på eit minnekort eller i minnet på mobilen.

Eit bilete med mange pikslar kan visa mange små detaljar. Ein megapiksel er det same som éin million pikslar.

FARGAR: Dette blir rekna som det første fargefotografiet. Det blei laga i 1861 ved å setja saman bilete tekne med raudt, grønt og blått lys. Motivet er ei sløyfe av rutete tartanstoff. Forsøket blei gjennomført av James Clerk Maxwell, og bileta blei tekne av Thomas Sutton. Foto: Thomas Sutton. Offentleg eigedom

Kameraet finn det skarpe

Før biletet blir teke, må kameraet fokusera. Det vil seia at linsene i objektivet blir justerte slik at motivet du vil fotografera, kjem tydeleg fram.

Mange kamera har autofokus. Då prøver kameraet sjølv å finna ut kva som skal vera skarpt. På ein mobil kan du ofte trykkja på personen eller tingen du vil fokusera på.

Digitale og analoge kamera

Digitale kamera bruker ein elektronisk sensor og lagrar biletet som ei digital fil. Analoge kamera bruker fotografisk film i staden. Filmen er dekt av stoff som reagerer når det kjem lys på han. Etterpå må filmen framkallast før ein kan sjå bileta.

Begge kameratypane fungerer likevel på same måte: Lys slepp inn gjennom objektivet og lagar eit bilete inne i kameraet.

Foto: Ozgu Ozden / Unsplash

Eit bilete kan fortelja ei historie

Eit godt fotografi kan hjelpa oss med å forstå noko som kan vera vanskeleg å skildra med ord åleine.

Gamle bilete kan visa korleis menneske levde før. Dei kan fortelja om klede, hus, skular og kvardagsliv som ikkje finst lenger.

Fotografi blir difor brukte av museum, historikarar og journalistar som ønskjer å dokumentera verda slik ho ser ut.

Eit augeblikk som varer

Dei fleste augeblikk varer berre nokre få sekund. Men når nokon tek eit bilete, kan akkurat det augeblikket bli hugsa i mange år. Kanskje har du bilete av deg sjølv då du var baby? Eller kanskje har familien bilete av oldeforeldre du aldri fekk møta?

Eit fotografi kan ikkje stoppa tida – men det kan ta vare på eit augeblikk som elles ville ha blitt borte.

MENNESKE: Dette biletet er frå Boulevard du Temple i Paris i 1838. Det blir rekna som det eldste kjende fotografiet der menneske er synlege. Gata var travel, men fordi det tok fleire minutt å ta biletet, blei menneska og trafikken i rørsle ikkje synlege. Berre dei to mennene nede til venstre stod stille lenge nok til å bli synlege. Den eine ser ut til å pussa skoa til den andre. Biletet er ein daguerreotypi – ein tidleg type fotografi som blei laga på ei metallplate. Foto: Louis Daguerre, Public domain, via Wikimedia Commons

Kjelder: Store Norske Leksikon / fotografi, Store Norske Leksikon / kamera, Wikipedia