Ein selfie kan hjelpa deg å hugsa

Du hugsar ei kjensle betre når du tek ein selfie enn når du tek bilete av noko du ser.

Ny forsking har sett på kvifor me tek bilete av oss sjølv. Kva du kjenner om situasjonen, påverkar korleis du tek bilete, skriv Ung.Forskning.no.

Viss du tek bilete av noko, hjelper det deg til å hugsa det fysiske som er framfor deg. Men viss du tek bilete av deg sjølv saman med det du ser, fangar du kjensla av å ha vore der.

– Selfiane kan dokumentera ei større meining ved augneblinken. Det treng ikkje å ha noko med å gjera at me er opptekne av korleis me ser ut, seier forskar Lisa Libby i ei pressemelding.

Tenker på opplevinga

Forskarane har gjort seks studiar der 2 113 personar har delteke.

I ein av studiane vart deltakarane bedne om å sjå på dei nyaste bileta sine på Instagram. Det viste seg at då dei såg selfiar av seg sjølv, tenkte dei på kva opplevinga hadde betydd for dei.

Då dei såg noko anna dei hadde teke bilete av, tenkte dei på den fysiske opplevinga.