Sjå nokre av fjorårets beste foto

Her er nokre av fjorårets beste fotografi, som var med i Sony World Photography Awards.

Sony World Photography Awards 2026 er ei prestisjetung prisutdeling for fotografar. Utdelinga blei arrangert for nittande gong i år.

Ein Afrikansk savanneelefant og kalven hennar. Foto: Will Burrard-Lucas/Sony World Photography Awards 2026
Spissnesehorn er ein art som er kritisk trua.
Foto: Will Burrard-Lucas/Sony World Photography Awards 2026

Blant vinnarane er norske Vilma Taubo, som vann i kategorien «still life», eller stilleben, for prosjektet Talking Without Speaking, der ho har tatt bilete av kvardagslege ting som har blitt symbol på protest.

«Carnation», eit symbol frå Portugal. | Foto: Vilma Taubo /Sony World Photography Awards 2026

Hagenelliken blei eit symbol under eit kupp i Portugal i 1974, der demonstrantane fredeleg avsette det diktatoriske styret. Hendinga blir no kalla nellikrevolusjonen.

Badeanda blei eit symbol i Thailand under demonstrasjonar mot myndigheitene i 2020.


«Rubber Duck», eit symbol frå Thailand. | Foto: Vilma Taubo /Sony World Photography Awards 2026

Vinnaren av den prestisjetunge prisen «Årets fotograf» er Citlali Fabián. Biletserien hennar Bilha, Stories of my Sisters er laga for å inspirere unge jenter med positive rollemodellar.


Foto: Citlali Fabián/Sony World Photography Awards 2026

Luna Maran, omringa av illustrasjonar som representerer sikadar. | Foto: Citlali Fabián/Sony World Photography Awards 2026

Vinnarane i dei gjævaste kategoriane vinn opp til 25 000 dollar og utstyr frå Sony.

Balu-elva har blitt ein midlertidig leikeplass. | Foto: Jubair Ahmed Arnob/Sony World Photography Awards 2026

Jubair Ahmen Arnob blei «Årets studentfotograf». Han studerer i Bangladesh, og vann for serien «The Place Where I Used to Play». Under er eit bilete han tok av ein mann i ei elv utan fisk, der ballongdyr erstattar fiskane som forsvann.

Biletet skal symbolisere at plasten tar over naturen. | Foto: Jubair Ahmed Arnob /Sony World Photography Awards 2026

Biletet under blei tatt av australske Elle Leontiev, som vann «Open Photographer of the Year». Portrettet er av vulkanologen Philip. Ein vulkanolog forskar på vulkanar.

Vulkanologen Philip står framføre Mount Yasur, på øya Tanna i Vanuatu. | Foto: Elle Leontiev/Sony World Photography Awards 2026

Konkurransen fekk inn meir enn 430 000 bilete frå meir enn 200 land og territorium, ifølge arrangørane.

Vinnaren av kategorien «Perspektiv» er ein portrettserie frå Sør-Korea. | Foto: Seungho Kim/Sony World Photography Awards 2026

Eit utval bilete frå premieutdelinga blir stilte ut på Somerset House i London frå 17. april til 4. mai.

Ein padde prøver å tiltrekke seg ein make i San Martin, Peru. | Foto: Juan Jacobo Castillo Barrera/Sony World Photography Awards 2026