Jubla og grein då «Lava» blei kåra til årets teikneserie

Då forfattar og teiknar Annika Linn Verdal Homme fekk beskjeden, trudde ho nesten ikkje det var sant.

Annika var ikkje til stades då vinnaren blei kåra. I staden var ho på festival i Moss då meldinga kom.

– Det var heilt absurd! Eg var ikkje på Oslo Comics Expo i år fordi eg skulle på Lyse Netter i Moss. Då eg stod og såg på Motorpsycho sin konsert, tikka det inn meldingar frå Oslo. Eg trudde nesten ikkje på det, og byrja med ein gong å grina der eg stod. Så ringde eg redaktøren min, Lisa, for å få alt sladderet frå Oslo Comics Expo, og fekk FOMO!

FOMO betyr at ein er redd for å gå glipp av noko spennande eller viktig som andre er med på. Omgrepet kjem frå engelsk: «fear of missing out».

Teikneserie: Annika Linn Verdal Homme

Får livet snudd på hovudet

«Lava» handlar om tenåringen Evi, som opplever at livet blir heilt annleis enn ho hadde tenkt.

– «Lava» er ikkje fantasy eller manga eller eit fantastisk eventyr, men ein teikneserie om noko som skjer i tenåringen Evi sitt liv. På grunn av mellom anna foreldra sin skilsmisse blir livet hennar brått forandra på veldig kort tid. Så rømmer ho rett og slett til Syden!

Teikneserie: Annika Linn Verdal Homme

Ideen til historia dukka opp for nokre år sidan. For å teikna miljøa mest mogleg realistisk reiste Annika til Tenerife.

– Den må ha ramla ned i hovudet ein gong for om lag tre år sidan, for i mars 2023 var eg på Tenerife på studietur saman med ei venninne! Eg har vore i Syden eit par gonger som barn, men ville sjå det på nytt for å kunna teikna det så nøyaktig som mogleg, ikkje basert på minne eller stereotypiar.

Teikneserie: Annika Linn Verdal Homme

Håpar fleire vil laga teikneseriar

Annika håpar lesarane både kosar seg med historia og sit att med noko viktig.

– Eg håpar barn og unge synest at teikneserien er morosam og kul, og at dei vil lesa fleire teikneseriar etterpå. Men eg håpar også at den kan bidra til at dei får vita at meininga deira betyr noko. At det er viktig at dei vaksne lyttar til barn og unge sine meiningar. Og at ein del av det å veksa opp er å læra å stå opp for seg sjølv.

Kva er skilnaden på å laga ei vanleg bok og ein teikneserie?

– Eg har aldri laga ei vanleg bok før, og det er det ein grunn til. Fordi det er mykje kjekkare å laga teikneserie!

Teikneserie: Annika Linn Verdal Homme

Prisen betyr mykje for henne

– Det er ei fantastisk stadfesting på at ein gjer noko riktig. Det er ikkje alltid så lett å vita, når ein sit aleine med prosjektet.

Til slutt har ho eit råd til barn og unge som drøymer om å laga sin eigen teikneserie.

– Ikkje overtenk! Og bruk teiknereiskapane du har frå før av. Ein treng ikkje å ha spesielle pennar eller blyantar til teikneseriar, ein kan bruka alt mogleg. Så er det også viktig at ein kan fortelja ei god historie og laga kule teikneseriar utan å vera ein «trent» teiknar. Men viss du elskar å laga teikneseriar, så blir ein automatisk det etter kvart!

Teikneserie: Annika Linn Verdal Homme