Forskar: – Overgangen til ungdomsskulen treng meir merksemd

Mange gler seg til å byrja på ungdomsskulen. Men for nokon kan overgangen bli vanskelegare enn mange trur.

Det viser ein ny studie frå Australia. Forskarane følgde elevar som starta på ungdomsskulen, og fann at både trivsel, optimisme og lykkekjensle gjekk ned etter skulebytet, skriv NRK.

– Altfor ofte blir mistrivsel i dei tidlege tenåra avvist som ein del av den normale utviklinga. Forskinga vår tyder på at sjølve overgangen er ei viktig årsak til dette, seier doktorgradsstipendiat Mason Zhou i ei pressemelding.

Forskarane fann også at elevane vart meir bekymra etter at dei byrja på ein ny skule.

– Litt gløymt i Noreg

Førsteamanuensis Gro Marte Strand ved NTNU meiner overgangen til ungdomsskulen treng meir merksemd.

Gro Marte Strand. Foto: Kai T. Dragland / NTNU

– Det er bra at me får slike studiar og tal fram, for overgangen til ungdomssteget treng meir merksemd. Særleg i Noreg er denne litt gløymd, seier ho til NRK.

Ho meiner elevar ofte treng meir støtte enn dei får i dag.

– Elevane har behov for meir støtte i denne overgangen enn det kanskje har vore tradisjon for å gi, og dermed har me også behov for meir kunnskap om kva og korleis, seier Strand.

Samtidig understrekar ho at dei fleste elevar får ein god start på ungdomsskulen.