Ingeborg og Leanna elskar å vera i aktivitet 

Forfattar og influensar Ingeborg Sol Fure har skrive ei splitter ny bok med mange kule aktivitetstips til heile familien. Då dottera hennar, Leanna Isabell Løbø (16), heldt konfirmasjonstale, takka ho mora for alt ho har lært ho om å ha eit aktivt liv. 

På Instagram legg Ingeborg mellom anna ut bilete av at ho balanserer på hendene på ein fjelltopp, badar i djupe blå vatn eller klatrar opp ein bratt fjellvegg. Men det har ikkje alltid vore slik. 

– Eg var sjuk i ein periode i livet, og det gjorde at eg ikkje kunne vera i aktivitet. Då mista eg gleda og meininga i livet mitt. Derfor veit eg kva det betyr å bevega seg – både fysisk, sosialt og mentalt. Og det krev ikkje så mykje! Så lenge du ikkje sit eller ligg, så er du aktiv, fortel ho. 

OPP NED: På Instagram legg Ingeborg mellom anna ut bilete av at ho balanserer på hendene på ein fjelltopp. Foto: Jostein Vedvik

Sjølv likar ho seg best ute i naturen.

– Eg kan gjerne rusla ein tur i regnet, eller klatra i fjellet, sanka bær eller fiska. Det viktigaste for meg er at eg får bruka sansane mine. Lytta til regndropane på hetta, kjenna det kalde vatnet mot huda, berre vera ute i all slags vêr.

Ingeborg trur at alt me har rundt oss i det moderne samfunnet gjer at sansane våre blir sløvare. 

– I naturen skrur me sansane på, og det gjer at me får store opplevingar i naturen. Du høyrer fuglane kvitra, du ser ein regnboge, du kjenner pulsen din, regndropane eller kanskje eit kaldt drag frå fossen. Dei sansane får du ikkje brukt viss du sit inne og ser på ein skjerm.

Elskar å klatra

Ho er veldig glad i all form for klatring.

– Det kan vera klatrepark med familien eller via ferrata, som er klatring med både sikring, tau og guide. Dotter mi og eg klatra via ferrata då ho var åtte år første gongen. Ein blir sliten, glad og euforisk av følelsen av å gjera noko stort. Og det å dela opplevinga med nokon gjer det ekstra fint, seier ho.

TAKKA MORA: I konfirmasjonstalen takka Leanna Isabell mora for at ho har fått vore mykje ute. Foto: Ingeborg Sol Fure

Ingeborg har tatt Leanna Isabell med på tur sidan ho var lita. 

– Eg er nok ikkje like aktiv som mamma, men eg prøver å komma meg ut når eg har moglegheit, seier ho.

På fritida dansar ho, og dreg gjerne på turar i lag med ei venninne så ofte ho kan. 

– Heldigvis har eg ei god venninne som også er veldig aktiv. Me dreg på kveldsturar og har med oss piknik. Og gjerne eit padlebreitt, fortel ho. 

Takka mora

Ingeborg har delt mange fine augneblinkar med dottera i fjella rundt Førde der dei bur. 

– Det har vorte mange fjellturar, men også sanking av bær, fisking, sup, kano, klatring, hengekøyeturar og padling. Me har venner som også driv på med forskjellige aktivitetar, fortel ho. 

I konfirmasjonstalen takka Leanna Isabell mora for at ho har fått vore mykje ute. 

– Ho sa at ho «skjønar at kroppen er til for at han skal vera i aktivitet, og at då er det ikkje så viktig korleis kroppen ser ut». Det var veldig rørande og fint å høyra, seier Ingeborg. 

– Aktivitet har vore ein stor del av livet mitt, og det har fått meg til å forstå at ein familie bygger kjærleik til kvarandre når ein er i lag i naturen. I naturen kan ein vera seg sjølv. Eg har lært mykje, og kosar meg med å bada uansett vêr og humør, fortel Leanna Isabell.

SANSAR: – Det viktigaste for meg er at eg får bruka sansane mine, seier Ingeborg Sol Fure. Foto: Ingeborg Sol Fure