Norske barn rører seg for lite

Ein fersk rapport (HEVAS) viser at norske barn ikkje er så aktive som ein tilrår.

– Eit mindretal av skulebarn i Noreg og Norden i alderen 11 – 15 år er fysisk aktive i forhold til tilrådingane om 60 minutts dagleg fysisk aktivitet, seier Oddrun Samdal, prosjektleiar for HEVAS-prosjektet ved Universitetet i Bergen.

– Moglege årsaker er variasjonar på tvers av land i organiseringa av fysisk aktivitet i skule- og fritidssamanheng. Funna tyder altså på at det er behov for ein betre tilrettelegging, legg Haug til.

Helsedirektoratet har no lagt fram ein ny nasjonal handlingsplan for fysisk aktivitet for perioden 2020-2029. Og forskarane peikar på viktigheita av lokal oppfølging i Noreg.

– Vi har no data frå førti år tilbake, og det gir oss eit heilt unikt trendperspektiv på desse temaa, seier Samdal

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here