Nederland
- Hovudstad: Amsterdam
- Innbyggjartal: 18 millionar (2024)
- Språk: nederlandsk og frisisk
- Høgaste fjell: Vaalserberg 323 moh.

Kjelde: Vesle norske leksikon
Nederland er det femte lukkelegaste landet i verda, etter Finland, Danmark, Island og Sverige, ifølgje World Happiness Report 2026. Samstundes er nederlandske barn dei aller lukkelegaste barna i vesten, ifølgje Unicef sin nyaste child wellbeing index.
Vesten er dei rikaste landa i verda, som til dømes USA, Canada og landa i Vest-Europa.
Tala i child wellbeing index har vist at dei lukkelegaste barna i verda bur i Nederland, 12 år på rad.
Gode relasjonar
Dr. Margreet de Looze er forskar ved det nederlandske universitetet Ultrecht universitet. Ho meiner at grunnen til at barn i Nederland er så lukkelege, handlar om vennskap og forhold til andre, skriv Positive News.
– Nederlandske barn opplever svært mykje støtte frå familie og vennar, frå lærarar og klassekameratar, fortel de Looze.
Forskaren trur at dette handlar om at foreldre i Nederland ofte ikkje jobbar 100 prosent, men har litt fri i vekedagane også.
– Dette er verdifullt for barn. Det gjer familien meir samansveisa, men det er ikkje mogleg for alle.
Lite mobbing og mykje likstilling
De Looze trur at barna i Nederland er lukkelege også fordi det er lite mobbing i skulen. I tillegg er det ikkje lov med smarttelefon på skulen.
Samstundes er Nederland eit land der det er høg grad av likestilling mellom menn og kvinner. Likestilling betyr at alle menneske har like rettar og moglegheiter i samfunnet, uansett kjønn.
– I landa med høgast likestilling, er barn, både gutar og jenter, lukkelegare enn i land med lite likestilling, fortel de Looze.
Noreg er ikkje med på lista til Unicef sin child wellbeing index, fordi det ikkje finst gode nok tal som seier noko om korleis norske barn har det.




















