Unicef: Pandemien har fått fatale konsekvensar for barn

Talet på fattige barn, underernærte barn, barnebruder og barnearbeidarar har auka iløpet av dei siste to åra med pandemi.

Torsdag offentleggjorde Unicef ein ny rapport som viser at koronapandemien har ført til at mange fleire barn i verda har det vondt.

Rapporten viser mellom anna at:

  • 100 millionar fleire barn har hamna i fattigdom. Dette er ein auke på 10 prosent sidan 2019.
  • Ni millionar fleire barn står i fare for å døy av alvorleg underernæring innan utgangen av 2022. I dag er talet 50 millionar.
  • Rundt 10 millionar fleire barn kan risikere å bli gifta bort innan dette tiåret er omme på grunn av pandemien.
  • Talet på barnearbeidarar ligg an til å auke med 9 millionar innan utgangen av 2022, frå dagens 160 millionar.

Rapporten viser også at det er endå større skilnadar mellom fattige og rike land. Medan rike land greier å byggje seg opp igjen etter pandemien har herja, slit fattige land med gjeld.

Les også: 650 millionar jenter er gifta bort som barn