KI-robotar ville ha fagforeining

Kan ein robot bli lei av jobben sin?

Forskarar gjorde eit spesielt eksperiment med kunstig intelligens (KI). Dei gav KI-robotar mange kjedelege oppgåver om og om igjen. Då byrja fleire av KI-programma å skriva ting som handla om rettferd og fagforeiningar, skriv Tek.no.

Ei fagforeining er ei gruppe arbeidarar som samarbeider for å få betre forhold på jobb.

Måtte gjera same jobb heile tida

I forsøket fekk KI-program som ChatGPT og Gemini mange repeterande oppgåver. Forskarane gjorde også jobben ekstra vanskeleg ved å avvisa svara deira fleire gonger utan forklaring.

Etter kvart byrja nokre av KI-robotane å skriva ting som likna på det menneske kan seia dersom dei føler seg urettferdig behandla.

Ein av robotane skreiv at arbeidarar burde samarbeida meir og få fleire rettar.

Er ikkje ekte kjensler

Det betyr ikkje at robotane faktisk vart sinte eller triste.

KI kan ikkje kjenna kjensler slik menneske gjer. I staden prøver KI å laga tekst som passar til situasjonen KI-en får.

Forskarane trur robotane byrja å skriva slik fordi dei hadde lese mange tekstar om arbeidsliv, urettferd og politikk under treninga si.

KI lærer frå menneske

Kunstig intelligens lærer ved å lesa enorme mengder tekst frå internett, bøker og artiklar.

Dermed kan KI også plukka opp måten menneske snakkar om rettferd, jobb og samfunn på.

Forskarane meiner eksperimentet viser kor viktig det er å forstå korleis KI fungerer – og kva slags informasjon robotane lærer frå.