Kvifor ville du laga ei bok om andre verdsskrigen for barn og unge?
– Fordi eg sjølv har vore interessert i andre verdskrigen sidan eg var barn. Og fordi det vart ei for stor freisting då eg no fekk sjansen til å skriva om eit så stort og krevjande tema for så unge lesarar. Og fordi den historia framleis er så viktig.
Kvifor meiner du det framleis er viktig å læra om andre verdsskrigen i dag?
– Fordi andre verdskrigen er ein veldig dramatisk, tragisk, viktig og tankevekkjande periode både i Noregs historie og i den moderne historia til verda. Den kan framleis læra oss mykje om det gode og vonde i menneskenaturen. Historia om andre verdskrigen kan også hjelpa oss til å forstå kvifor Noreg og ulike andre land er slik dei er no.

Var det noko du lærte sjølv medan du skreiv boka som overraska deg?
– Eg hadde nok lese eller høyrt det aller meste eg skreiv om frå før. Det var likevel ein lærerik prosess å behandla historiene for ei ny barnebok.
Kva historie frå boka gjorde sterkast inntrykk på deg?
– Det er så mange sterke historier frå krigen. Derfor var det vanskeleg å velja ut kva som skulle med. Historiene om presidentar, generalar og andre leiarar er jo spennande og viktige. Sjølv synest eg det var meir interessant å skriva om kvardagslivet under krigen og lagnadene til nokre mindre kjende menneske.

Korleis har du prøvd å forklara alvorlege ting på ein måte barn kan forstå?
– Det er sjølvsagt ei av dei store utfordringane med ei slik bok. Eg har prøvd å skriva med enkelt og klart språk. Eg bruker kortare setningar og færre vanskelege ord enn eg ville ha gjort i ei bok for vaksne. Så har eg også prøvd å tenkja på kva som for barn er mest interessant og spennande.
Har du ein person frå krigen du synest fleire burde vita om?
– Det var så utruleg mange ulike viktige lagnader frå krigen. Eg kan jo her nemna ein dramatisk barnelagnad frå Trondheim, som ein kan lesa meir om i Geir Svardals bok Ingen skal få sjå at eg græt. Historia om Cissi Klein og deportasjonen til Auschwitz. Ein haustdag i 1942 kom politiet for å henta ei 13 år gammal jente på skulen. Sidan vart pulten hennar i fleire år berre ståande tom, utan at dei andre elevane fekk noka forklaring på kva som hadde skjedd med henne.

Når vart du først interessert i historie og andre verdsskrigen?
– Det var i sjuårsalderen eg byrja å lesa om viktige historiske personar i barnebokserien «Historien om …». Interessa for andre verdskrigen kom litt seinare, men eg hadde nok byrja å lesa bøker om det då eg fylte ni.
Korleis var du sjølv som barn? Var du typen som las mykje?
– Ja! Eg spøkar av og til med at eg voks opp i ei bokhylle. Veldig mange nye moglegheiter opna seg den våren eg lærte meg å lesa. Eg voks opp med berre eit lite skulebibliotek, og gjekk nesten i spinn når eg i feriane kom til stader med større bibliotek. Eg var eit nerdete barn, sjølv om ordet nerdete eigentleg ikkje var funne opp.
Kva håpar du barn sit igjen med etter å ha lesa boka?
– Eg håpar først at dei har lese noko spennande og lært noko nyttig. Så håpar eg at dei etterpå har fått betre føresetnader for å tenkja sjølv – om Noreg, verda, demokrati, diktatur og menneske.






















