Denne saka vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.
– Det er ei så framand haldning til korleis vi skal forhalde oss til klede, og noko som er blitt brukt mykje tid på før i tida. Dette er ei gammaldags haldning, seier påtroppande leiar for Elevorganisasjonen Zaid Norzai Ahmmad (20) på telefon til Framtida.no.
Torsdag skreiv Framtida.no om jentene ved Nordkjosbotn skole i Troms, som fekk beskjed av rektor om å ikkje kle seg i singlet. Det var Nordlys som først omtalte saka.
Då Ahmmad i Elevorganisasjonen fekk opp saka på TikTok, trudde han først det var tull.
– Dette er ikkje den fridommen norske skular skal tilby elevar. Å be jenter kle på seg er verdiar som er framande for Noreg. Det blir ei slags amerikansk haldning.
Høyrer ikkje heime
I sms-en til føresette skreiv rektor at jentene blir oppfatta som «utfordrande kledd» med berre singlet på overkroppen, og at dei vaksne skal hjelpe dei med å ikkje oppleve seksuelt krenkande kommentarar.
Ahmmad meiner det er feil å leggje ansvaret på jentene, og samtidig framstille gutar som om dei ikkje klarer å oppføre seg.
– Argumentet om at gutar blir distrahert av kva jenter har på seg, er sånn ein ser i high school-filmar. Det høyrer ikkje heime i norske skular. Her har vi fridom til å uttrykke oss sjølve!

Gammaldags
Ahmmad fortel at han aldri i si tid i organisasjonen har vore borti ei sak som denne. At elevrådet ved skulen ikkje blei inkludert i avgjerda, meiner Elevorganisasjonen er problematisk.
– Vi tenkjer at slike avgjerder bør bli tatt i samarbeid med elevane. Dette var ikkje ei hastesak, seier den påtroppande leiaren.
Han stussar òg over tidspunktet beskjeden blei gitt til jentene ved Nordkjosbotn skole.
– Det er straks sommar. Er det ikkje vanleg å gå med singlet og skjørt då? Når skulen reagerer på det, viser det ei gammaldags haldning som ikkje høyrer heime i 2026.
Imponert over elevane
Ahmmad er tydeleg på at Elevorganisasjonen er på elevane ved Nordkjosbotn skole si side. Dagen etter meldinga blei kjend, møtte jentene opp i singlet utanfor skulen for å protestere.
– Dei er ordentleg modige. Hadde eg hatt høve, hadde eg sjølv dratt opp og stått i singlet med dei. Det er fint å sjå elevar som står opp for kvarandre og organiserer seg. Vi har ikkje sett elevar i opprør på denne måten på ei stund.
I tillegg er Ahmmad imponert over kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Ho viste solidaritet med elevane ved å poste eit bilete av seg sjølv i singlet på sosiale medium.
– Det gir oss håp om ein framtidsretta skule. Elevar treng å sjå at politikarar ikkje berre er kjipe. Det neste vi håper ho gjer er å fjerne fråværsgrensa, seier Ahmmad og ler.
Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med rektor ved Nordkjosbotn skole, men har ikkje fått svar.






















